Ein lesar fortel at det både er frose smeltevatn og rimfrost på asfalten som gjer at det er så glatt for både køyrande og gåande.

Ifølgje yr.no skal det vere mellom ei kuldegrad og to plussgrader på Hareidlandet i dag. Det er ikkje varsla nedbør.

Trafikken gjekk svært sakte i Holsekerdalen måndag morgon. Det var nok mange som kom for seint til skule og jobb. Foto: Tipsar