Kort oppsummert

  • Furene AS har vunne tre kontraktar frå NAV Møre og Romsdal innan avklaring, arbeidsretta rehabilitering og oppfølging.

  • Furene AS skriv at kontraktane er avgjerande for verksemda, og at dei styrker samarbeidet med NAV og arbeidslivet i regionen deira.

  • Verksemda er i vekst, med tilsetjing av nye jobbkonsulentar og auka etterspurnad etter tenestene dei tilbyr.

Samandraget er laga av KI-verktøyet ChatGPT og kvalitetssikra av våre journalistar.
Les meir om korleis vi forheld oss til kunstig intelligens.

Det går fram av ei pressemelding frå Furene AS. Der skriv dei at selskapet har landa tre kontraktar med NAV Møre og Romsdal gjennom ein anbodskonkurranse. Desse oppdraga gjeld avklaring, arbeidsretta rehabilitering og oppfølging. Kontraktane er på fem år og gjeld for dei sju kommunane på Søre Sunnmøre.

I pressemeldinga skriv Furene AS at kontraktane har ein verdi på om lag 60 millionar kronar og at desse er avgjerande for aktiviteten i verksemda.

– Med dette stadfestar Furene sin posisjon som ei leiande arbeids- og inkluderingsverksemd. Og, ikkje minst sikrar det at vi kan halde fram med å utvikle vår kompetanse og vårt gode samarbeid med NAV og arbeidslivet i regionen vår, seier administrerande direktør Inge-Jonny Hide.

Nye tilsette i ytre

I pressemeldinga går det også fram at Furene AS har tilsett fleire nye jobbkonsulentar sidan nyttår.

– Vi opplevde god respons på stillingane vi lyste ut, og kunne dermed rekruttere tilsette med stor variasjon både når det gjeld kompetanse og geografi, seier personalleiar Gro-Lise Rise i pressemeldinga.

– Furene ser det som avgjerande at jobbkonsulentane kjenner godt til arbeidsmarknaden i regionen vår. Vi hadde eit ønskje om å få fleire på laget som kjenner folk og arbeidsliv i ytre del av regionen. Med tilsetting av fire nye jobbkonsulentar frå ytre, så meiner eg at vi har lykkast godt med dette, legg Rise til.

Verksemda skriv i pressemeldinga at 600 personar var innom Furene sine testar i løpet av 2023 og at 155 personar gjekk ut av Furene sitt tilbod til anten arbeid eller utdanning.

Auka etterspurnad

Samstundes opplever Furene at det er stor aktivitet i regionen, noko som fører til aukande behov for arbeidskraft i både den offentlege og private delen av arbeidslivet.

– Å lykkast med arbeidsinkludering er derfor ikkje berre viktig for den einskilde, men også for at verksemdene i regionen skal vere i stand til å levere sine produkt og tenester i tida som kjem, seier Inge-Johnny Hide og legg til:

– Ved å nytte Furene som leverandør bidreg offentleg og private verksemder til vårt samfunnsoppdrag med å inkludere fleire i arbeidslivet. Til dømes er montering, demontering og pakking av ulike type varer godt eigna arbeidsoppgåver og oppdrag vi gjerne tek på oss. Vi opplever auka etterspurnad i delar av våre produksjonar som er sentrale i vårt arbeid med opplæring og arbeidstrening. Dette gjeld til dømes vår grafiske avdeling med produksjon av små og store skilt, samt profilering av køyretøy og bygningar. Også innanfor mekanisk produksjon opplever vi aukande etterspurnad. Her dryp det frå aukande aktivitet frå store aktørar innan den maritime industrien, verksemder innan havbruk og også nyare verksemder som til dømes ProdTex.