Tidlegare i år foreslo eit arbeidsutval å fjerne lensmannsstillinga i Herøy og Sande, og samle politiet på Ytre Søre Sunnmøre under eitt tak. Slik blir det ikkje, iallfall ikkje førebels. Politimesteren i Sunnmøre legg forslaget på is etter at den politiske leiinga har gitt klare signal om korleis dei ønskjer at utviklinga i Politi-Norge skal vere. Det skriv Sunnmørsposten. Under landsmøtet til Politiets Fellesforbund i Molde førre veke, var meldinga frå justisminister Grete Faremo klar: Dei små lensmannskontora skal styrkast, ikkje leggast ned. Det har gjort sitt til at Sunnmøre Politidistrikt no går bort frå tilrådinga frå arbeidsutvalet.

Tidlegare i haust skreiv Vikebladet.no om at kontortida ved lensmannskontoret på Eggesbønes blir redusert, og at lensmannen berre er til stades ein dag i veka.

I tillegg skal det tilsetjast ny lensmann i Stranda og Norddal. Dette distriktet har ikkje hatt eigen lensmann siste åra.