– Hei, vi kan gå hit inn, her er det ledig, seier han, og viser veg inn i sofasalongen på Høddvollhuset.

Tom Vågen kjem presis til intervjuavtalen og er lett å få auge på, i neongul t-skjorte med neongul fleecejakke utanpå. Det er slik han er: kjapp i stega, aldri langt unna og oftast med eit stort smil.

– Vi er vel samde om at dette berre skal bli ein liten notis i avisa?, spøker dagleg leiar i Hødd, Per Arve Moldskred, som dukkar opp i gangen på klubbhuset. Han veit at lokalavisa er her for å intervjue Tom, som kjenner alle og som alle kjenner. Og han veit at Hødd ikkje hadde vore det same utan Tom, kongen av Høddvoll.

foto
Dette bildet fekk Liv og Lars Vågen frå barneheimen i Seoul, Korea. Foto: Privat

Nyåret i 1974: Liv og Lars Vågen frå Dimnøya i Ulstein reiser til Oslo for å hente sitt andre barn. Barnet har reist rundt halve jorda. Saman med ein tilsett frå barneheimen kjem han med fly frå Seoul i Korea. Guten er eit og eit halvt år gamal og ber namnet Koo Hoon. Heime på Dimnøya ventar storesystera, seks år gamle Christine.

– Eg hadde vore einebarn til då, og eg hugsar at den nye broren min var litt tilbakehalden og reservert. Men han kunne nokre ord, og det første ordet han sa hos oss var “mama”. Mamma Liv vart ganske stolt, heilt til ho fann ut at det betyr mat på koreansk, ler Christine Larsdotter Vaagen. Ho har sagt ja til å la seg intervjue om broren og møter lokalavisa på Kaffebaren i Ulsteinvik. I tillegg har ho og foreldra skrive ei tekst om sonen og broren.

“Tom kunne fleire ord på koreansk då han kom til Noreg, til dømes «Innai» som betyr «Gi meg det», «Uheveba» som betyr «Ber meg på ryggen», og «Mul» som betyr vatn eller tørst”, skriv dei.

foto
Her er Tom saman med foreldra, Liv og Lars Vågen. Tom kom til Noreg frå Korea då han var eit og eit halvt år gamal. Foreldra bur i dag delvis i Ålesund, delvis på Hareid. Ofte møtest heile familien til søndagsmiddag på Cafe Nova i Ulsteinvik.

Tilbake i sofaen på Høddvollhuset har Tom fått selskap av Sindre Eid, som er ein god ven og kollega. Sindre har vore verje for Tom dei siste åra. Han tok over etter tidlegare Hødd-spelar Kjell Garnes, som hadde vervet i mange år.

– Eg brukar å fare heimanfrå litt før klokka sju, eg har ikkje vekkarklokke, eg vaknar berre. Eg brukar å vere ein av dei første som kjem på jobb, fortel Tom.

– Eg er vel den første?, seier Sindre- og blir møtt med ein tørr latter av kompisen, som har svaret klart:

– Nei, men Per Arve er her fem over halv åtte.

23. mars 1974:Det nye barnet i Vågen-familien blir døypt i Ulstein kyrkje. Han får namnet Tom. Han har allereie snudd litt opp ned på kvardagen i familien.

– Det vart etter kvart mi oppgåve å passe på Tom, spesielt sidan vi fekk to småsøsken i 1975 (Odd-Arne) og 1976 (Therese). Det var ei travel oppgåve, for Tom var veldig aktiv og fann på veldig mykje. Spesielt hugsar eg at Tom som treåring gjekk rett utfor løebrua då eg passa han. Heldigvis reiste han seg opp, lo og gjekk vidare etter å ha ramla to meter ned. Det var også min jobb å lære han å sykle, men han sykla i full fart ned bakkar og rett inn i gjerde og tre før eg klarte å stoppe han, fortel storesyster Christine.

Var du og dei andre i familien uroa for korleis det skulle gå med Tom her i livet?

– Ja, det er klart vi var det. Men det har gått veldig bra.

Vågen-borna vaks opp like ved garden til onkelen, Torbjørn. Allereie tidleg viste Tom seg å vere ein hjelpsam gut.

foto
arbeidskar: Tom viste seg tidleg som ein svært hjelpsam og arbeidsvillig gut.
foto
bakar: Ifølgje mora var Tom glad i å lage mat då han var liten. Han er framleis veldig glad i mat, sjølv om det ikkje blir så mykje matlaging.
foto
blid: Smilet var det same som no.

«Tom var med å hesje, han sat på traktor og hjelpte til med sauene på garden. Han hjelpte også ein annan nabo, Elias Garshol, som hadde mjølkekyr og hest. Men Tom har også funne på mange sprell, til dømes var han svært glad i å skru på ting- ting han svært sjeldan klarte å skru saman igjen», skriv foreldra og systera.

– Eg hugsar godt at eg klatra opp på toppen av løetaket og hoppa ned. Ingen av dei andre torde det. Det var på garden til onkelen min, han hadde sauer, eg trur eg var rundt fem år, fortel Tom når lokalavisa spør om det første han hugsar frå livet sitt.

Vart du ikkje skadd då?

– Neidå, det gjekk heilt fint, eg berre landa på marka, seier han.

foto
selskap: Tom er glad i selskap. Om tre år fyller han femti, og då blir det nok markering.
foto
søsken: Her er søskenflokken på fire samla: Tom, Christine, Therese og Odd-Arne.

Kvar vinter vart det laga skibakke på garden på Dimnøya. Familien fortel om ein uredd gut, som sette utfor bakkane i stor fart.

– Det vart veldig mange knekte ski, men heldigvis ingen beinbrot. Eg trur Tom må ha veldig sterk beinbygning, fortel Christine.

foto
aktiv: – Tom var veldig aktiv og fann på veldig mykje. Det vart mange knekte ski, men ingen beinbrot, fortel systera Christine.

«Alt gjekk heldigvis bra, men det var ei anna tid då enn no. Redningsvest, sykkelhjelm og anna verneutstyr vart lite brukt og borna fekk prøve mykje. Tom var ein av dei som prøvde meir enn han eigentleg fekk lov til», fortel foreldra.

foto
onkel: Tom har etter kvart vorte onkel til fem.
foto
kortspel: Her er Tom saman med systera Christine (til h). Han er onkel til Henrikke Madeleine, Håkon, Aleksander, Nellie Sofie og Ida.

Ein gong på 70-talet:Tom er rundt fem år og får sitt første oppslag i pressa: Åndalsnes Avis skriv om guten som nekta å gje frå seg sitt etterlengta colaglas til ein annan gut.

– Til Tom sitt forsvar så må det seiast at Cola var ganske sjeldan vare på 1970-talet, ler Christine Vaagen- og legg til at broren framleis har ei eiga evne til å kome med på bilde og film.

– Cola er den beste drikken, seier Tom den dag i dag.

Tom starta etter kvart i Tryggheim barnehage i Ulsteinvik, der han gjekk fram til han starta på skulen.

– Kven gjekk du saman med i barnehagen då?, spør Sindre Eid.

– Nevstad!, kjem det kontant frå den andre. – Vi er like gamle, André er tre og ein halv månad eldre enn meg.

Hugsar du noko av han frå barnehagen?

– Eh, litt forskjellig. Men det er ikkje så lurt å seie det når André ikkje er her, seier Tom.

Snakkar om sola- for ikkje lenge etterpå kjem Mr. Hødd, André Nevstad, innom sofasalongen. Det er bursdagen til Tom, og André vil gratulere.

– Tom har nettopp nekta å fortelje episodar frå barnehagen, opplyser Sindre.

– Det er bra du er lojal, kompis, flirer André og klappar Tom på skuldra.

Etter barnehagen gjekk Tom barneskule på Hasund, ungdomsskule i Ulsteinvik og så på gymnaset, eller Ulstein vidaregåande skule som det heiter i dag.

August 1991:Starten på eit livslangt venskap: Sindre Eid flyttar til Ulsteinvik for å spele fotball for Hødd. Han er sytten år gamal og startar i andre klasse på gymnaset.

– Eg hugsar ein kar som gjekk i dress på skulen der, fortel Sindre.

– Ja, eg gjekk i tredjeklassa då Sindre byrja der. Eg hadde vel ikkje dress kvar dag, men ofte, supplerer Tom.

«I adopsjonspapira står det at Tom var glad i klede, heilt frå før han kom til Noreg. I ungdomen likte han å gå i dress, frakk og med stresskoffert og han var glad i å kle seg fint. Framleis brukar han ofte dress- når han ikkje har på seg Høddklede», skriv foreldra og systera.

foto
Steffen og Tom: Tidlegare i år fekk Steffen Moltu gullklokke for å ha spelt over 300 kampar for Hødd. Tom Vågen avslutta Hødd-festen med songen «Sola mi».

– Tom og eg har hatt eit nært forhold i veldig mange år, særleg fordi vi begge har vore tilknytt Hødd i veldig mange år. Men vi jobba saman på Elkjøp også, Tom var på lageret, eg var dagleg leiar. Vi køyrde rundt om kveldane og leverte varer, og så kjøpte vi pølse med brød, hugsar du, Tom? Og sidan har vi følgt kvarandre, vi har hatt mykje kjekt saman. Tom har vore med på mange bortekampar og treningsleirar, fortel Sindre, som er marknadssjef i klubben og tidlegare spelar og trenar for Hødd sitt a-lag.

– Eg håper det blir treningsleir i Syden igjen, eg likar å reise dit, seier Tom.

For nokre år sidan tok Sindre over som verje for Tom, etter Kjell Garnes.

– Tom er ein flink og sjølvstendig type, men det kan vere greitt for han å ha nokon å snakke med og få litt hjelp av. Du veit, han har ikkje ei kone som passar på seg, slik som eg har, seier Sindre, som hugsar ein episode ein gong like før jul:

– Eg skulle vekk i jula, så eg stakk innom Tom for å sjekke at han hadde alt han trong. Eg spurde om han hadde handla mat, noko han sa at han hadde gjort. Så opna eg kjøleskapet, og kva såg eg der, Tom?

– Brus. Masse brus!

Dei ler begge godt av episoden.

foto
kompisar: – Eit Hødd utan Tom er utenkeleg, seier Sindre Eid. Han har kjent Tom sidan han kom til Ulsteinvik for å spele fotball og gå vidaregåande skule som syttenåring. No er dei kollegaer i Hødd, og Sindre er også verje for Tom.

«Tom har heile livet vore glad i god mat, og han kjem ofte på søndagsmiddag med heile familien på Cafe Nova. Men han må ha med både gudstenesta og kyrkjekaffien først. Og på julaftan strekkjer han alltid tolmodet til dei yngste onkelborna i familien, for han må ha med seg absolutt alle julegudstenestene- og vi må vente med maten. Det er nesten slik at vi oppmodar kyrkja til å legge gudstenestene litt tidlegare på julaftan, slik at Tom rekk julemiddagen», skriv foreldra.

– Eg har gått i kyrkja sidan eg flytta til Ulsteinvik sentrum, det var i 1993. Eg synest det er greitt å få ei avveksling på søndagar, å gjere noko anna enn å vere på Høddvoll, fortel han.

«Mama» var det første han sa då han kom til Noreg. Det er koreansk og betyr mat. Mat er framleis viktig i Tom sitt liv.

– Tom treng mykje mat, han er veldig mykje i aktivitet, seier Sindre Eid.

– Ja, dagens høgdepunkt for Tom er nok matpausane, dei kan det bli fleire av i løpet av ein lang arbeidsdag. Og vi kan trygt seie at kosthaldet er variert, fortel dagleg leiar i klubben, Per Arve Moldskred. Han trur Tom er meir oppteken av det sosiale enn fotballprestasjonane i Hødd.

– Tom er den same, uansett om vi vinn eller taper, rykkjer opp eller ned, seier Moldskred.

– Ja, eg brukar å seie at fotballen er rund, seier Tom.

– Det er veldig bra å kome hit og møte ein blid Tom, han får oss alle i godt humør igjen, seier Sindre.

foto
Glede: Tom Vågen og André Skotheim etter ein kamp på Kråmyra på slutten av 1990-talet.
foto
tarecup: Her er Tom saman med Per Arve Moldskred på Tarecup. Året er 2008.
foto
pokal: Alle kjenner Tom og han kjenner alle. Her han saman med Mathias Ulstein med Kongepokalen frå cupfinalen i 2012.

Syster Christine fortel at broren nok er det største matvraket ho nokon har møtt.

– Tom elskar norsk tradisjonsmat. På familiemiddagane på Nova bestiller han seg gjerne norsk, solid mat. Og det er standard at mamma og eg lempar potetene våre på Tom sitt fat.

– Eg et alt, all slags mat, er Tom si enkle forklaring på den gode appetitten. Men pizza er han nok litt lei av, må han vedgå.

Foreldra dine fortel at du var glad i å lage mat då du var liten, men mora di trur kanskje du har vakse det av deg. Stemmer det?

– Eg lagar mat av og til. Søtpotetchips er kjempegodt, det er mykje betre enn vanleg chips, fortel Tom.

foto
hødd united: – Foreldra våre skulle sjå Tom spele kamp, men dei såg ikkje han på bana- ikkje før nokon gjorde dei merksame på at han hadde farga håret gult, fortel Christine.

1989: Tom Vågen kjem inn i Hødd-systemet for første gong. Han er innom også andre arbeidsplassar, men det er på Høddvoll han trivast best.

– Eg gjer alt mogleg her. Ryddar, heng opp skilt, klipper gras, er med og handlar, er med på fotballfritidsordninga. Og så er det min jobb å vaske draktene til A-laget og rekruttlaget, fortel 47-åringen.

Er det du som eigentleg er sjefen her?

– Det ser sånn ut, men eg torer ikkje seie det, viss han Per Arve kjem inn her, seier Tom. Igjen eit breitt smil.

foto
vasking: Tom har dei siste åra hatt ansvar for å vaske draktene til A-laget og rekruttlaget. – Eg brukar denne store industrivaskemaskina. Eg kan ikkje ha for mykje inni, for då klistrar reklamelogoen seg saman. Draktene er ikkje så veldig skitne når dei spelar på kunstgras, det er mykje verre når dei har spelt på gras. Då må eg bruke flekkfjernar på dei kvite shortsane, fortel Tom Vågen.

«Vi har fleire gongar ledd oss skakke av det Tom finn på, til dømes då han barberte av seg augebryna og halve håret. Vi trur Føhnix måtte berge den situasjonen.», skriv familien.

– Tom driv og køddar med spelarane og dei tilsette kvar dag, fortel Sindre.

– Ja, eg lurer dei, gøymer meg bak døra og så hoppar eg fram. Daffy er den som er lettast å skremme, fortel Tom. Daffy er kallenamnet på A-lagsspelar Daniel, sonen til Sindre.

– Det var ein gong du skremde livet av Eirik Ulland Andersen, hugsar du det? Han hadde vore her ein sein kveld for å trene og skulle gå gjennom kafeen. Det var heilt mørkt og der sat du på ein stol, seier Sindre og får kompisen til å riste av latter.

Sjølv hugsar ikkje Ulland Andersen den konkrete episoden, men seier at:

– Det kan heilt sikkert stemme! Det eg kan seie elles er at Tom er ein utruleg arbeidskar, som stiller opp til alle døgnets tider. Han er ein fantastisk ressurs for Hødd, han fortener alle mogleg heider og ære.

foto
cupen: Hødd er klar for cupfinalen, etter å ha slått Brann i semifinalen i 2012. Her blir Tom og Sindre filma av ein Volda-student.

– Tom er kjendis, slik er det. Alle kjenner han og han kjenner alle, seier Christine Vaagen.

Dreg du nytte av at broren din er eit kjent fjes?

– Absolutt. Han ordna ei statistrolle til meg i Heimebane, så der er eg med i to episodar. Eg har også fått sesongkort på Høddvoll i mange år i gåve frå Tom. Tom er forresten veldig skuffa over at faren vår har gått over til å heie på AaFK. Foreldra våre bur delvis i Ålesund, delvis på Hareid. Viss pappa snakkar om AaFK, snur Tom seg berre vekk og ler, fortel ho.

Systera er litt usikker på kven som er viktigast for Tom: Hødd eller familien.

– Det er ikkje sikkert at alle er klar over at Tom også har ei anna familie enn Hødd: foreldra, søsken og onkelungar. Det er vel slik at Hødd er det han prioriterer i alle fall.

Trur du Tom har eit godt liv?

– Ja, det trur eg absolutt. Eg kryssar fingrane for at han får lov til å vere i Hødd også framover, vi såg korleis Tom blomstra då han kom inn i klubben. Han gjer ein jobb dei treng, seier Christine.

foto
– Vi er svært glade for at Tom får vere i Hødd, seier Christine Vaagen.

Laurdag feirar Hødd 100 år med jubileumsfest på Ulstein Arena. Då får Tom gullmerket for tretti års frivillig innsats i klubben.

– Eit Høddvoll utan Tom er utenkeleg. Slik er det berre, seier Sindre Eid.

Trur du Hødd hadde klart seg utan deg, Tom?

– Eg veit ikkje, det er ikkje godt å vite, seier Tom. Guten som vart kongen av Høddvoll.

foto
tomsvollen: Tom har eit eige område på Høddvoll kalla opp etter seg: Tomsvollen, som ligg ved gamle Høddvoll stadion.