- Det er nesten ikkje til å tru, strålar Britt Brandal. Ho og familien hennar bur i det øvste bustadhuset i Indredalen i Brandal, om lag 80 meter over havet.

Opp gjennom åra har Britt Brandal kontakta Hareid kommune om den dårlege tilstanden på vegen, Det siste  brevet skreiv ho 27. juni i år:

- Etter å ha venta i over 30 år på at Hareid kommune skulle prioritere å legge asfalt dei siste 150 metrane som står att av Indredalsvegen, ser vi at heller ikkje denne gongen finn kommunen det rimeleg at vi som bur øvst her opp skal få ein liten del av vegbudsjettet i kommunen. Medan det for lengst har blitt asfaltert både ein og to gonger på dei aller fleste kommunale vegar i Hareid, har vi venta tolmodig på at også vi skulle få same standard på vegen her, som resten av innbyggjarane i Hareid. Vi har ikkje gatelys, men må vel ta ein ting om gongen.

Mykje brukt av fjellvandrarar

Aller øvst i Indredalen ligg Legene, og mange turgåarar køyrer bilen sin dit opp – eller blir henta etter at dei er ferdige med fjellturen.  Då køyrer dei forbi bustaden til Britt Brandal.

- Eg synest det er fint at folk brukar naturen, og vi likar at her kjem folk forbi. Men no er vegen så utkøyrd, utvaska og holete at viss kommunen ikkje snart gjer noko, så trur eg det er mest forsvarleg å stenge vegen ved huset vårt, slik at slitasjen ikkje skal bli endå større, seier ho.

150 meter på asfaltpakke 1

Men no har det altså tikka inn ei positiv melding frå Hareid kommune.

Kai Rune Bjørke, leiar for plan, utvikling og byggesaker i kommunen har svara på mail at i asfaltpakke 1 2017 ligg det inne løyvingar til å asfaltere ei strekning på ca. 150 meter.

- Jippi, smiler Britt Brandal. Men då må dei først gjere utbetringar. For vegen er full av holer. Vegen er bratt, og når det er mykje nedbør lagar det seg fort elvar i grusvegen.

Etter hennar meining er regnver nesten verre enn snøføre.

- Men snøen vil nok forsvinne raskare når her kjem asfalt, så dette gler vi oss til, seier Britt Brandal.