Arve Fiskerstrand er rektor ved den private skulen i Dragsund. Han fortel at det er første gong skulen har så mange elevar som 40 på barnetrinnet.

60 på ungdomstrinnet

Sidan skulen starta opp har elevtalet på ungdomstrinnet variert mellom 50-70 elevar. For komande skuleår teiknar det til å bli 60 elevar på ungdomstrinnet. 8.-klassa blir på 18 elevar, medan det i 9. teiknar til å bli 15 elevar.

- Vi gler oss til skulestart. 100 elevar er eit gunstig elevtal for oss, men vi har plass til fleire, for skulen vart påbygd i fjor, legg Fiskerstrand til.

Flest frå Herøy, Ulstein og Hareid

Hovudtyngda av elevane kjem frå Herøy, Ulstein og Hareid. Men der er også nokre frå Sande, Ørsta og Volda.

Skulen har totalt 16 årsverk fordelt på 22 tilsette.