- Denne kvelden er vi så heldige å ha med oss Levi Fragel (biletet). Han vitjar Sunnmøre i høve humanistisk konfirmasjon der han held talen for konfirmantane, skriv informasjonsansvarleg Are Thunes i Human-Etisk forbund Søre-Sunnmøre i ei pressemelding. Og vidare: - Fragell er tidlegare generalsekretær i Human-Etisk forbund. Han har vore ein sentral person i utviklinga av forbundet i Noreg, og har óg vore ein markant og kontroversiell samfunnsdebattant gjennom fleire tiår. - Sjølve kvelden vil vere ein uformell samkome der vi kan lufte aktuelle saker som forbundet jobbar med. Det vil bli lett servering. Gamle og nye, aktive og passive medlemmar er velkomne!