I ei pressemelding frå Sunnmøre politidistrikt kjem det fram at Eli Anne Tvergrov har vorte tilsett i ei nyoppretta stilling som kommunikasjons- og informasjonsrådgjevar i Sunnmøre politidistrikt.

Tvergrov kjem frå ei stilling som informasjonssjef i Ålesund kommune og er utdanna innan informasjon, administrasjon og leiing.

Den nyoppretta stillinga vil vere ein del av leiargruppa i politidistriktet og Tvergrov skal i fylgje pressemeldinga byrje i løpet av august.