– Det er sjølvsagt aller verst for dei mellom 70–75 tilsette som misser arbeidet sitt. Vi har allereie vore i kontakt med Nav-leiaren her på Hareid for å høyre kva dei kan bidra med. Hareid kommune ligg høgt på arbeidsløysestatistikken frå før, og eg kjem også til å ta kontakt med Møre og Romsdal fylkeskommune for å drøfte moglege tiltak, seier Riise.

På toppen av den maritime krisa

Nedlegginga gjer at Hareid kommune på sikt kjem til å tape skatteinntekter. Tapet av om lag 70 arbeidsplassar i møbelindustrien kjem på toppen av nedgangen i maritim industri.

– Vi trengde ikkje dette no. Men det er ikkje berre for Hareid denne nedlegginga er eit tap. Ekornes Hareid har tilsette både frå Ulstein, Herøy og Sande, og når denne bedrifta forsvinn blir regionen endå meir avhengig av maritim industri, kommenterer ordføraren i Hareid.

Han har merka seg at Ekornes ikkje går med raude tal, men at dei tener mindre enn før.

– Eg skulle ønskje dei kunne vere litt meir tolmodige og vente på ein ny oppgang, seier Riise.