Tiltaket inneber om lag 20 hytte-einingar, 15 sjøhus/naust med tilhøyrande anlegg, infrastruktur, område for tilkomst og parkering, to moloar med kapasitet på inntil 30 båtplassar og eit nytt båtopphal for mindre båtar.

Fylkesmannen vil ha utgreidd fleire konsekvensar før han sluttar seg til planane.

Omfattande tiltak

Det er Sporstøl Arkitekter AS som har lagt fram forslaget til detaljregulering for området. I merknaden sin skriv Fylkesmannen at tiltaket ikkje er i tråd med gjeldande kommuneplan for Hareid. – Det dreiar seg altså om eit omfattande tiltak som har større verknader på land (både ovanfor og nedanfor vegen forbi Naustvika) og i strandsone og sjø, skriv han og ber først og fremst om ei konsekvensutgreiing, bl. a. utifrå Naturmangfaldlova. Nedbygging av jordressursar i  samband med tiltaket må også vere med.

Sidan dette er eit tiltak som vil ligge utsett til for ekstremvêr og stormflo vil Fylkesmannen også ha ei skildring av  dei vruderingar som er gjort i så måte. Dette sjølv om risikoen blir vurdert som akseptabel.

Må vise fjernverknaden

Tiltaket inneber også ei flytting av området for småbåthamn austover med omsyn til det som er godkjent i kommuneplanen. Dette vil truleg gjere hamna mindre eksponert og redusere inngrepet ved etablering. Noko Fylkesmannen vurderer som positivt. At området er godt synleg frå sjøen og Vartdal-sida gjer at Fylkesmannen krev illustrasjonar som viser fjernverknaden av utbygginga.