Det er Nett.no som skriv om dette i eit intervju med Wenche Nistad.
Nistad er administrerande direktør i GIEK (Garantiinstituttet for eksportkreditt) som har skrive ut garantiar til offshorereiarlaga for i alt 27 milliardar kroner.
Nistad reknar med at bankane i større grad vil konvertere gjeld til eigenkapital i offshorereiarlaga framover, men ho trur likevel at det vil kome konkursar.
- Det trengst ei gjeldsanering i bransjen, men det har vore ulikt syn på kor mykje som skal til. Eigenkapitalen er stort sett tapt i alle tilfella. Obligasjonsgjeld og anna usikra gjeld er også i stor grad tapt. Også bankane og adre kreditorar med 1.-prioritet pant i skipa, sit i ein usikker posisjon slik verda er no, seier Nistad til Nett.no
Nistad uttaler vidare at investorar som har kome inn med nye pengar og betydelege eigenkapitalsummar, vil få makt i forhandlignane, også i forhold til bankane.
Ho meiner det har tatt svært lang tid før reiarar, bankar og obligasjonseigarar har tatt realitetane inn over seg.