Både dei vaksne og barna var glade for premien og det var stor einigheit om at premien må feirast med is!

Barnehagen leverer inn kartongkubbar med namn og telefonnummer, men «vinnarloddet» denne gongen kom utanfrå barnehagen. Det er nemleg fullt mogleg å skrive på andre sine namn og telefonnummer på kartongkobbane som blir samla inn i blådunkane.

SSR oppmodar fleire til å delta i Returkartonglotteriet anten det er i eige namn eller til fordel for ein barnehage, organisasjon eller liknande. Kvart år vert det delt ut premiar for til saman 1,6 millionar kroner! Dette er fordelt på 120 premiar på 10.000 kroner kvar og 4 premiar på 100.000 kroner.

Eit «lodd» er ein kartongkubbe av seks tome og skylde drikkekartongar som er bretta ned i ein sjuande. For skulemelkkartongar gjeld fire tome kartongar inn i ein femte. Korkar og lok kan henge utanfor. Deltakaren skriv namn og telefonnummer på kubben og legg han i den blå dunken.

Det ligg både læring og spenning i å vere med på lotteriet, og dessutan er det heilt gratis å delta!