Dersom handletrenden held fram ut året, betyr dette at kvar av oss i gjennomsnitt handlar for nesten 11.000 kroner i desember, ifølgje Statistisk sentralbyrå.

I desember i fjor omsette detaljhandelsbutikkane for nesten 55 milliardar kroner, altså 10.760 kroner per person.

Særleg for butikkar som sel spel og leiker er desember viktig. Vi handlar for rundt 700 millionar kroner i leiketøybutikkar i desember. Noko som svarar til tre og ein halv gong så mykje som i snitt resten av året.

Parfymeria i landet sel 65 prosent meir i desember enn i andre månader, og får ei omsetning på rundt 760 millionar kroner denne månaden.

Blomsterbutikkane omset nesten dobbelt så mykje i desember, og for bokhandlarar aukar omsetnaden med 150 prosent i desember.