Politiet var på plass med laserutstyr då ein ung mann trykte gassen på bilen opp i 117 km/t i ei 60-sone i Ulsteinvik. Mannen vart stoppa, og han erkjente at han hadde køyrt for fort.

Mannen er ikkje straffedømt tidlegare.

Råkøyringa skjedde i juni 2014, og først i november 2015 kom saka opp for Sunnmøre tingrett.

Aktor la ned påstand om at mannen skulle dømmast i samsvar med tiltalen, til betinga fengsel i 20 dagar, tap av førretten i 19 månader, og betaling av sakskostnader.

Normalt skulle straffa ha vore ubetinga fengsel i 20 dagar.

Men saka har blitt unødvendig gammal. Forholdet fann stad i  juli 2014, og tiltale vart tatt ut 19. desember same år. Lovverket seier at rettargangen skal skje innan rimeleg tid. Retten kom derfor fram til at dei ville ta forslaget til aktor til følgje.

Dermed vart det fengsel i 20 dagar, der soninga blir utsett med ei prøvetid på to år.

I tillegg taper mannen retten til å køyre bil i 18 månader, med frådrag for den tida førarkortet alt har vore inndrege.