Politi og brannvesen på Sunnmøre oppfordrer alle på det sterkeste til å vise varsomhet i forbindelse med fyrverkeri nyttårsaften.
– Viss vêrprognosane slår til får me kraftig vind inn over Sunnmøre ved inngangen til det nye året. Det kan skape mange farlege situasjonar i samband med bruk av fyrverkeri, åtvarar stabssjef John Kåre Flo for Sunnmøre i Møre og Romsdal politidistrikt.
Dersom vêrforholda blir så ille som prognosane kan sjå ut til, oppfordrar stabssjefen folk til å avstå frå bruk av eige fyrverkeri.
– Skulle du finne ut at vinden ikkje er sterkare enn at du kan ta sjansen på å sende opp eige fyrverkeri, så må det visast den største varsemd og dei generelle fyrverkerireglane må følgjast. La ikkje nyttårsaftan i år bli noko som blir hugsa som noko anna enn hyggeleg, seier politiets stabssjef for Sunnmøre.
Kan få redusert erstatning
Arvid Steen, pressekontakt i Tryg Forsikring, seier i ei pressemelding at om folk er skuldig i fyrverkeri-brann eller uakstsame, kan erstatninga bli redusert med fleire hundretusen kroner. Kor mykje erstatninga blir redusert kan variere etter graden av uaktsamheit. Det er noko som blir vurdert i kvart tilfelle.
– Men eit hus eller ei leilegheit er forholdsvis dyr å byggje opp igjen, og det skal ikkje ein stor reduksjon til i erstatning, før det blir mykje pengar utav det. Og det er jo ein kjip start på 2017, kommenterer Steen.
Nokre tips for ein trygg kveld:
1. Drikk med måte. Risikoen for at skadar oppstår er stort sett proporsjonal med promillen.
2. Bruk vernebrillar om du skal skyte opp eller sjå på fyrverkeri.
3. Grov uaktsemd, heimelaga eller ulovleg fyrverkeri kan føre til avkorting på erstatningsutbetaling.
4. Ikkje ha fyrverkeri i lomma. Ein gnist er alt som skal til for å tenne på krutt.
5. Ta inn lause gjenstander som står utanfor huset. Ulåste syklar kan bli lånt av natteranglarar på veg heim frå fest, som ikkje får tak i drosje.
Godt nyttår!