Alle skular og barnehagar får no ei oppmoding frå helsesøter i Ulstein kommune i samband med ein nasjonal lusekampanje førstkomande helg. Den går føre seg 30. august til 1. september og er meint for å bekjempe lus i hovudet.

– Det er ikkje flaut å ha lus. Det er flaut å ikkje gjere noko med det, skriv helsesøster Kristin Meli i Ulstein kommune i oppmodinga til barnehagar og skular i Ulstein.

Nokre tips i kampen mot lusa kan vere å kjemming av hår med tett kam i tørt hår, eller fuktig me balsam når du skal leite etter lus. Vidare kan du bøye hovudet framover over eit kvitt ark eller handkle. Då vil du lett sjå om der kjem lus.

For dei som ynskjer meir informasjon, anbefaler helsesøstera nettstaden www.lusfrinorge.no.