Årets første Island Offshore-regatta som skulle gå føre seg 1. mai, måtte avlysast grunna vinterstorm. Onsdag 8. mai vart difor startskotet på sesongen for den tradisjonsrike onsdagsregattaen i Ulstein seilforening.

Regattaen vart innleia med ein nydeleg vårdag der elleve båtar deltok. Tidtakaren bestemte bane éin, med start nordover frå Ryssholmen til Biskopen, sørover til Håkonsholmen før målpassering ved Ryssholmen.

Båtane skulle normalt segle tre runder kvar, men grunna skiftande vind med varierande strategi og evner frå skipperane, førte dette til stort trekk i feltet.

Først klokka 20.00 om kvelden var det heilt vindstille. Tidtakaren avgjorde difor å avkorte seilasen til berre ei runde. Alle båtane fullførte og fekk teljande tid:

Resultatliste:

1. FarrWell ved Ole-Peder Kaldhol. Tid: 1.00.36

2. Skjold ved Leif Halvard Scheide. Tid: 1.12.36

3. Alda III ved Martinus Ytrebø. Tid: 1.14.22

4. Drambuoy ved Tom Høymer. Tid: 1.19.03

5. Candela II ved Kurt Håvard Skeide. Tid: 1.44.53

6. Excalibur ved Håvard Ulstein. Tid: 1.46.56

7. Hypocampe ved Frode Hofseth. Tid: 1.53.31

8. Maija ved Ronny Bårslett. Tid: 1.56.14

9. Opus III ved Kristian Skeide. Tid: 1.56.29

10. Villvind ved Chris Remøy. Tid: 1.59.21

11. Saga ved Paul Reite. Tid: 2.07.00