Britoil, med base i Singapore, har ein flåte på 40 skip, hovudsakleg ankerhandteringsskip og lekterar.

Dette vert Britoil sine første skip i PSV-marknaden. Selskapet har meir enn 25 års erfaring i skipsservice og transport. Det første skipet av denne designen frå ULSTEIN, ‘Blue Fighter’, blei levert frå Ulstein Verft tidlegare i år, og ei gruppe frå Britoil deltok på prøveturen til dette skipet.

- Britoil er ein ny kunde for ULSTEIN, seier visekonsernsjef Tore Ulstein i Ulstein Group. - Vi er veldig glade for at selskapet no vel ULSTEIN sin design når dei tek steget inn i eit nytt marknadssegment. Vi har fått særs gode tilbakemeldingar på dei to PX121-skipa som til no er levert frå Ulstein Verft, og vi har stor tru på at Britoil vil oppleve at skipa blir kostnadseffektive og attraktive tilskott til flåten. - Dette er eit gjennombrot for ULSTEIN i søraust-Asia, og første gongen det vert bygd ULSTEIN-design i Indonesia. Kontrakten inkluderer ein omfattande utstyrspakke med design, engineeringsstøtte og hovudutstyr (mellom anna generatorsett, DP-system (dynamisk posisjonering), propellar og thrusterar, FiFi-system (brannvernutstyr) og lastehandteringssystem). I tillegg kjem ei stor kraft- og kontrollpakke som omfattar elektrisk framdriftssystem, integrert bruløysing, konsollar, radio-/navigasjonsutstyr, ULSTEIN IAS (integrert automasjonssystem) og ULSTEIN COM (kommunikasjonssystem), fortel Sigurd Viseth, som er administrerande direktør i Ulstein Design & Solutions.

Skipa kjem til å ha dei same skroglinjene som ‘Blue Fighter’ og systerskipet ‘Blue Prosper’, men skipa er også tilpassa Britoil sine krav, som inkluderer eit ekstra dekk med lugarar, noko som opnar for ei totalbemanning på 50 personar.

Skipa vil bli bygde etter IMO sin SPS-kode (special purpose ships), og vil ha OILREC-klassenotasjon (oljeoppsamlingsutstyr til naudsituasjonar).

Skipa vil bli bygde ved Britoil sitt verft, PT Britoil Offshore Indonesia på Batam-øya.