Fleire er tidleg ute med å sjekke om røykvarslaren fungerer. Gjerne lengje før førjulstida sett inn. Men diverre er det fleire som slurvar med å sjekke om reiskapen som skal redde liv faktisk fungerer.
Høgsesong
Saman med julekosen er blant anna levande ljos, fyr i vedomnen og auka bruk av elektriske apparat inkludert. Og i desse forbindingane oppstår dei fleste bustadbrannar.
Desember månad er høgsesong for slike brannar. Likevel går nesten 500,000 menneske i Noreg jula i møte med ein varslar som ikkje fungerer, trass i at lovverket krev minst ein fungerande røykvarslar per bustad.
Fire av ti i Møre og Romsdal
Nye tal frå DSB for den siste tiårsperioden fortel at fire av ti brannar i Møre og Romsdal skuldast elektriske årsaker.
Minst 42 prosent av brannane i fylket skuldast feil på elektriskanlegg eller feil bruk av elektrisk utstyr.
I perioden 2002–2011 skuldast dei største brannårsakene i fylket open eld med 22 prosent av tilfella. Brannar med feil på elektriskanlegg er på 21 prosent, medan feil bruk av elektrisk utstyr også ligg på 21 prosent.
20 prosent av brannane er årsaka ukjend.
To brannar på kort tid
I ei melding frå Hareid kommune oppmodar Hareid brannvern at alle byter batteri og kontrollerer røykvarslarane sine. I tillegg ynskjer dei at huseigarane kontrollerer sløkkjeutstyret.
– I Hareid har vi opplevd to bustadbrannar på kort tid. Heldigvis utan personskade. Dette stadfestar at det er viktig å halde orden på varslings- og sløkkjeutstyr, avsluttar dei.