I ei pressemelding frå politiet på Sunnmøre mandag, kjem det fram at dei har vedteke å ta opp att etterforskinga etter brannen i Flusund i 2008.

Sunnmøre politidistrikt har gjennomført møte med dei etterlatne etter brannen i Flusund 14. desember 2008.

Politimeisteren uttrykte si medkjensle overfor de pårørande som har mista sine kjære i den tragiske brannen og beklaga at ein ikkje har klart å oppklare saka. Politimeisteren beklaga vidare at feilaktig informasjon om brannen, gitt til dei pårørande, ikkje seinare er blitt retta opp og at ein ikkje har klart å ta hand om dei pårørande godt nok.

Kriminalteknisk undersøking vart gjennomført med bistand frå Kripos, men ein har ikkje funne fram til brannårsaka.

Politiet ser i ettertid at etterforskinga har svakheiter og vil ta med seg læringspunkta inn i det interne arbeidet for å bli betre. Politiet gav i møte uttrykk for fleire punkt som ein tek sjølvkritikk på.

De pårørande har bedt om at saka vart etterforska av eit anna politidistrikt. Sunnmøre politidistrikt har forståing for dette og støtta ein slik førespurnad, men dette vart avvist av Statsadvokaten.

Politiet opplevde møtet med de pårørande som godt og konstruktivt og har etter møtet vedteke å ta opp igjen etterforskinga. Politiet har eit sterkt ønske om å oppklare brannen.