Tidlegare i vår vart det klart at Jostein Vartdal skulle ta over for Øystein Johansen i rektorstolen ved Ulstein ungdomsskule og 1. august var første offisielle arbeidsdagen i ny jobb for Vartdal som har arbeidd ved skulen sidan slutten av 70-talet. Tysdag tok han i mot Vikebladet Vestposten i ein førebels elev- og lærartom skule.

Meir administrasjon

– Eg har vore lærar på ungdomsskulen sidan 1978 og inspektør i femten eller seksten år, fortel han.

Overgangen frå inspektør til rektor medfører fleire administrative oppgåver for Vartdal.

– Som rektor har ein berre dei administrative oppgåvene, det går på mellom anna løn og personale, som inspektør hadde eg noko undervisning i matematikk, som er det faget som ligg nærast hjartet.

Kva forventningar har du til det komande skuleåret?

– Eg har forventningar til både foreldre, lærarar og elevar om at vi skal kunne skape ein god og trygg skule der alle kan trivast. Samstundes har eg forventningar til at vi skal få ei arbeidsam elevgruppe.

Foreldra med på laget

Rundt påsketider kom det ut informasjon om til dels uheldige tilhøve ved Ulstein ungdomsskule. Jostein Vartdal fortel at dette er noko ein tok grep for å få gjort noko med.

– Det viktigaste var å få foreldra på bana og det har vi sett ein utruleg positiv effekt på i høve negative hendingar. Dette viser tydeleg at ein god dialog mellom skule og heim har stor effekt og kor viktig det er å ha med foreldra på laget, slår han fast.

Kva er ditt forhold til Ivar Aasen, som har vore feira i desse dagar?

– Der er det mykje. Eg kjem jo frå same kommunen som Ivar Aasen. Det eg først kjem til å tenkje på er “Dei gamle fjelli”, dei som ikkje forandrar seg, medan samfunnet elles er i stor endring.

– Eg tykkjer nynorsk er eit flott og rikt språk som uttrykkjer mykje, kanskje endå meir enn bokmål.

Som namnet tilseier har Jostein Vartdal røter på motsett side av Vartdalsfjorden frå Hareidlandet, men banda er også tette til Ulstein.

– Eg vart fødd i Ulstein, men vaks opp på Vartdal, medan størstedelen av slekta mi er frå Ulstein. Eg har budd mesteparten av livet i denne kommunen og Ulsteinvik er ein fin plass, der eg trivst godt. Det var likevel lettare å ta turen til Vartdal før Eiksundtunnelen kom på plass og ferja gjekk til Rjåneset.

Fotballfrelst familie

Korleis har du lada opp til det komande skuleåret?

– I sommar har eg feriert. Det er fast på programmet for sommaren med fjorten dagar i syden. I år gjekk turen til Rhodos, der vi også har vore tre gongar før. Under ferieturen då slappar eg av. Eg kan liggje rett ut i fjorten dagar, fortel Vartdal før han skyt inn at han også nytta tida til å lese mykje bøker.

Kva nyttar du fritida di til?

– Då går det mykje i trening, avslapping og samvær med vener. Eg syklar ein del og går på turar.

Ein ser på klesvalet for dagen at Manchester United er Jostein Vartdal sitt fotballag i England, og han fortel at fotballen er ein lidenskap som heile familien deler. Sonen Guttorm Remøy Vartdal er leiar for Blåsarane.

– Heile familien heiar på Hødd, men medan eg har United som favorittlag i England er kona og eine sonen min Liverpool-fans, medan ein heiar på Chelsea, fortel Vartdal. Han og resten av familien fekk med seg cuptriumfen til Hødd i Oslo og Jostein Vartdal trur prestasjonane Hødd leverte i løpet av ferda mot Noregsmeisterskapen har vore med på å vekke lidenskapen hjå mange i Ulstein.

Vil setje krav

Har du ei helsing til dei nye 8.-klassingane ved UUS?

– Dei som kjem hit skal verte godt mottekne, dei får gode lærarar og kjem til ein flott skule, men dei skal og vite at vi kjem til å setje krav til dei.

– Både vi som er tilsette på skulen, foreldre og spesielt elevane sjølve må setje krav. Det er stor skilnad frå elev til elev, men hardt arbeid er det som hjelper, her som elles i samfunnet.