Noregs Journalistlag og  Mediebedriftenes Landsforening vart einige om ei løysing like før midnatt fredag. Løysinga kom i stand etter at meklingsmann Dag Hafstad la fram eit framlegg til løysing 23.30.

Dersom det ikkje hadde kome i stand ei løysing ville om lag 2.200 journalistar i meir enn 100 mediebedrifter gått ut i streik frå midnatt.

I fylgje Journalisten.no ville NJ opprinneleg ha ei gjennomsnittleg lønsauke for sine medlemmar på 18.744 kroner, medan skissa frå meklingsmannen som vart akseptert fører til eit flatt, generelt tillegg på 10.000 kroner til alle NJ sine medlemmar i MBL bedrifter.