Det er ikkje mange veker sidan entreprenør Lars Kveen frå Stryn tok første “spadetaket” på den nye gangvegen mellom Rolls-Royce og Ulstein verft i Ulsteinvik. Det er heller ikkje mange dagane til den skal stå ferdig og klar for bruk.
Midten av september
Tidlegare denne månaden kom Vikebladet Vestposten i prat med leiar Tor Meinseth i teknisk utval, som då reagerte på at teknisk etat ved Ulstein kommune ville slutte av gangvegen ved krysset til gravplassen og Osnessanden.
Meinseth fekk då snudd om på saka slik at gangvegen fekk strekkje seg til Rolls Royce – som først planlagt. Endringane til kommunen kalla han elegant for tull og tøys.
Vidare fortalde han at arbeidet er eit spleiselag mellom Ulstein kommune og Ulstein Group. Ein “reklamevegg” – om vi kan kalle den for det.
– Denne gangvegen er eit godt bilete av det gode samarbeidet Ulstein kommune har med næringslivet i kommunen. Ei slik delfinansiering mellom kommune og industri bidreg til betre resultat og kortare handsamingstid, sa Meinseth.
Han flagga også at gangvegen etter planane skal stå ferdig medio midten av september. Arbeidarar ved verftet, busette ved Link-senteret, brukarar av Osnessanden, besøkjande ved gravplassen og busette på Osneset har med andre ord eit trygt alternativ vente.