130 menneske, og nokre hundar, samla seg i dag til friluftsgudsteneste på Høgåsen.

Presten Kristian Myklebust tala om at det i dag er skaparverkets dag. Speidarane i Ulstein tok del i gudstenesta på ulikt vis.

– I dag er det andre pinsedag og me feirer at gud har sendt sin heilage ande til menneska, sa Myklebust.

Preika handla om ulike formar for relasjonar. Det er fire relasjonar som er viktige. Det første var relasjonen vår til gud. Det andre var relasjonen til seg sjølv. Det tredje var relasjonen til alle andre menneske. Det fjerde var relasjonen til naturen og skaparverket.

Ingen er uten relasjonar til andre, alle er uansett i desse relasjonane, meinte presten. – Ikkje alle menneske trur på gud, men gud trur på alle menneske. Dei er verdt noko, sa han.

Myklebust sa at gud gav menneska i oppgåve å ta vare på resten av skaparverket hans. Me har jorda berre til låns, det gjeld å ta vare på henne. Tekstane som speidarane las opp handla også om å ta vare på skaparverket.

– Havet stig, syklonane aukar i tal, jorda tørkar, lufta blir ureina og vêret meir ekstremt - Me kjenner det alt på kroppen. Tilgje oss, Gud.