Onsdag klokka 10.00 vart statsbudsjettet for 2015 lagt fram. Her kan du sjå tiltak i Møre og Romsdal.

Eit av tiltaka regjeringa går inn for er planleggingsmiddel til ferjefri E39. Desse prosjekta får planleggingsmiddel:

  • E39 Kryssing av Romsdalsfjorden

  • E39 Kryssing av Ørstafjorden

  • E39 Kryssing av Storfjorden (Hafast)

  • E39 Halsafjorden

  • E39 Volda – Ålesund – Molde – Astad

Kommunene i Møre og Romsdal skal ifølgje statsbudsjettet få ein vekst i dei frie inntektene på 4,4 prosent. Landssnittet er på 4,7 prosent.

  • Ulstein får ein vekst på 21.628.000 - 5,5 prosent

  • Hareid får ein vekst på 9.760.000 - 4,1 prosent

  • Herøy får ein vekst på 15.698.000 - 3,6 prosent

  • Sande får ein vekst på 1.977.000 - 1,3 prosent

  • Volda får ein vekst på 18.568.000 - 4,4 prosent

  • Ørsta får ein vekst på 19.965.000 - 3,9 prosent

  • Vanylven får ein vekst på 3.916.000 - 2,2 prosent

Sande kommune får også 3,4 millionar kroner i tilskot til forlenging av moloen i Haugsbygda. Også Stad skipstunnel er eit aktuelt prosjekt å bruke planleggingsmiddel på i 2015.