Ulsteinvik Skulekorps gjorde det overraskande godt under NM i marsjering i Trondheimi helga. Dei kom på 5.-plass med 85 poeng. Berre fem korps deltok, men skilnaden i poeng var liten.

- Med tanke på at korpset har øvd på marsjering i berre ni månader, ser vi på dette som ein siger, kommenterer Jonny Rabben i leiinga til Ulsteinvik Skulekorps.

Han slår fast at den gode poengsummen frå dommarane har gitt dei både lyst og energi til å øve endå meir.

Ulsteinvik har fleire gonger dei siste ni månadene hatt øvingshelga med Sverre Caspersen frå Gardemusikken, og det er ikkje tvil om at desse øvingane har gjort korpset gode på marsjering.

Sjå video