Ti over ti i føremiddag køyrde Nils Johan Solvær frå Sundtgotmarka til Biltema i Saunesmarka. Då han kom ut av bilen oppdaga han noko som la seg som ei mørk sky over den fine sommardagen.

Han oppdaga at bilen var oversprøyta av fersk kvitmåling. Målinga var så fersk at då han sette på vindaugsviskarane drog han målinga utover.

Etter dette køyrde han rundt ein time for å prøve å finne ut kven det er som driv med sprøytemåling. Han trur ikkje det kjem frå verfta, for dei bruker å ha kontroll. Men det har skjedd før at nokon har sprøytemåla huset sitt, og ein bil har vore uheldig å få måling over seg.

Solvær er ikkje sikker på om bilen fekk måling på seg på bilturen eller medan han var parkert. Då han køyrde var han så oppteken med bilkøyringa. For nokre år sidan opplevde han også å få sprøytemåling på bilen sin, då med ein splitter ny bil.

Å få reinsa bilen for måling kostar fleire tusen kroner og er mykje arbeid. No ønskjer Solvær å kome i kontakt med andre om dei har opplevd det same, så kan dei sende ei felles rekning.

– Folk bør vere merksame om dei ser folk som sprøytemåler husa sine. Det burde eigenleg ikkje vere lov, dette skjer gong etter gong, varslar Solvær.

Førti bilar skjemde av sprøytemalingsstøv

Målinga var så fersk at då Solvær sette på vindaugsviskarane vart målinga drege utover frontruta.