Det var ein jublande glad gjeng frå Hareid og Hørungavåg som i kveld kunne inkassere ein 5.-plass for skulekorps under NM i Trondheim. Korpset er på totalt 31 musikantar, og dirigentane Iris Kristin Tangen Roppen (Hjørungavåg) og Stig Gjerde, delte på dirigentoppgåva under konkurransen.

Korpset stilte i klassa for 4.-divisjon.

Gode kommentarar

Dommarane hadde mange godord å seie om musikantane i Hareid/Hjørungavåg skulekorps:

Ein entusiastisk gjeng med mykje energi! Gode solistar, friskt og utadvendt.  Fin heilheit, men noko ubalanse i starten gjer at det vert noko smårusk intonasjonsmessig. Fine kontrastar dynamisk og det kling fint av alle grupper i korpset. Dette svinger og det blir tatt glimrande musikalske initiativ i fra solister. Publikum får en solid dose spilleglede rett i fleisen!

Det samansette korpset med musikantar frå Hareid og Hjørungavåg skulekorps fekk 87 av 100 moglege poeng. Vinnarkorpset vart Vestnes skulekorps med 92 poeng.

Hege Tretnes, leiar i Hjørungavåg skulekorps er svært nøgd med plasseringa.

- Dei begynte å øve på musikkstykka etter 17.-mai, så dette er knallbra, kommenterer ho.

- 4. divisjon er den lågaste klassa, men ein stad med vi starte, og no er det berre å spele seg oppover legg ho til.

Også eit korps samansett av musikantar frå Ulsteinvik skulekorps og Hasund og Dimnøy skulekorps var med i konkurransen, og hamna på 11.-plass, med 81,5 poeng.