I dag betaler ein familie i ein einebustad 3000 kroner i vassavgift. I løpet av ein periode på fem år vil avgifta stige til 5500 kroner i året. Det kunne kommunalsjef Arne Runar Vik opplyse formannskapet om på møte tysdag denne veka.

Vatn skal vere sjølvfinansierande. Det vil seie at utgiftene kommunen bruker til denne posten, skal dei ta inn igjen med abonnentane.

Gamle asbestrøyr

Ordførar Jan Berset spurte om det var mykje gamle jarn- og asbestrøyr. Jau, det kunne Vik stadfeste, men han la til at det ikkje er påvist at det er farleg. Det største problemet er at det lett blir brot på dei gamle røyra.

Ulstein kommune må skifte ein del røyr framover, for å gjere vassforsyninga betre og sikrare.

Det er laga ein hovudplan for vassforsyninga 2014–2024. Planen vart lagt fram for teknisk utval førre veka. Formannskapet legg så ut planen til offentleg ettersyn.

Deretter skal eventuelle merknader handsamast av politiske utval før planen endeleg blir godkjent i kommunestyret.