Sjølv om snøen til tider lava ned og vêret kanskje ikkje var heilt slik folkehøgskuleelevane hadde tenkt då dei planla Globalløp gjennom gatene i Ulsteinvik denne sundagen, møtte det opp godt med folk.

Før løpet var det oppvarming med dans til musikk, noko som skapte god stemning på Rådhusplenen. Der var også sal av pølser, kaker og kaffi til frammøtte.

Her var deltakarar i alle aldre. Det var premie for beste kostyme, så mange hadde nytte høvet til å kle seg ut. Her var sebra, einhjørning, supermann og klovn. Nokre gjekk på treski i gatene.

Pengane som vart samla inn går til Ilula Orphan Program i Tanzania.