Fleire har medverka under årets Opplev Hareid. Hareid ride- og køyreklubb er intet unntak. Trass i ein relativt regntung dag, stilte klubben opp med både rideframsyning, lodd, kake og kaffi-sal. Grunna ridehallen som klubben fekk ferdigstilt hausten 2009, kunne aktivitetane foregå innendørs, til publikums store glede.

Her fekk dei frammøtte sjå fleire bruksområde, blant anna sprangridning, dressur, western og gangartsridning. Fyrst ut var Sunniva Helen Tjervåg Moen på hesten sin Nick, som ho kjøpte av stalleigar Sigurd Liavåg for tre år sidan. Ho viste fram sprangridning. Mor Janne Paula Tjervåg og mormor Anne Grete Tjervåg satt spent på tilskodarbenken å fylgte med.

Vil vie livet til dyr

Sunniva, som kjem frå Fosnavåg, er nettopp ferdig på hestefaglinja på Gjermundnes vidaregåande skule. Før ho byrja på skule der var ho lenge ein del av ridemiljøet på Hjørungavåg. Jenta, som meiner at det å drive med hest ikkje berre er ein hobby, men ein livsstil, planlegg å vie store delar av livet til dyr når ho no kryss fingrane for å kome inn på dyrepleiar-studiet i Oslo til hausten.

- Ho har jobba på og ordna både stallplass til Nick og studentbolig, så no må ho berre kome inn, slo mor Janne Paula fast.

I tillegg har ho vore heldig å fått sommarjobb på vetrinærkontoret i Ulsteinvik i sommar, noko som passar midt i blinken for framtidsplanane hennar.

Dyktige ryttarar

Fleire engasjerte og blide hesteinteresserte er å finne i miljøet på Hjørungavåg. Ester Nesset er blant dei, og ho viste fram dressur på fjordringen Rauden i dag. Rauden har vore med som rideskulehest i fleire år og er ein tålmodig og traust fjording. Han har no blitt heile 24 år gammal og skal pensjonerast frå rideskulen.

Etter at Ester og Rauden hadde vist seg fram, kom stalleigar Sigurd Liavåg inn i ridehallen og viste fram westernridning på enda ein hest som heiter Nick. Finn Helge Stene som var "speaker" for dagen, konstaterte humoristisk at ikkje alle hestar av rasen quarter heiter Nick, sjølv om Sigurd likar å gi dei det namnet.

Gangartsridning på Hareidlandet?

Medan rytterane viste fram dei ulike rideartane, fortalde Finn Helge publikum nokre fakta om dei ulike bruksområda. Finn Helge er far til neste mann ut som var Nathalie Stene på islandshesten sin Aria fra Nybø. Dueon viste fram dei ulike gangartane islandshesten har å by på.

Nathalie er den einaste på stallen på Hjørungavåg som driv med gangartsriding. Både ho og far hennar, som no har tatt på ridestøvlane att etter ei 15 års lang pause, skulle ynskje det vart større interesse for islandshesten og gangartsridning spesielt, her på Hareidlandet.

- Det hadde vore fint om det vart ein gjeng som saman kunne holde på og hjelpe kvarandre fram i gangartsridninga, konstaterte dei to.

Barneridning til stor suksess

Då rideframsyninga var ferdig, kunne dei frammøtte borna få seg ei leierunde på nokre av hestane. Køa stod omtrent ut av ridehallen - dette var svært populært! Sunniva Winter som kom i lag med mor si frå Ulsteinvik etter at dei hadde lest om arrangementet i avisa, var heldig å få prøve, og smilet hennar var ikkje til å unngå.

Det verkar å vere eit godt miljø blant dei hesteinteresserte på Hjørungavåg og folk i alle aldrar er velkomen hit. Sylwia Zdanowicz som bur på Hareid vart involvert i klubben for tre år sidan, då dottera hennar byrja på rideskulen. Det tok ikkje lang tid før ho sjølv vart bitt av basillen, og er no svært engasjert i miljøet. Ho er i dag også styremedlem i klubben.

- Det er så avslappande å ri hest. Ein finn roa. Dessutan er det rein terapi å kunne stelle hestane, det er berre du og hesten, ein kan få fred frå dei fleste tankar, sa ho.

- Dessutan er det ein utruleg flott hobby for borna. Dei lærer seg å ta ansvar og vise respekt for dyr, la ho til.

Hareid ride- og køyreklubb har ridekurs for dei aller fleste, heilt frå dei aller minste til voksne. Så her er det berre å prøve seg!