I Ulstein startar det 15. august med ei opinionsundersøking, som i følgje ordførar Knut Erik Engh er tenkt gjennomført i løpet av ca. ei og ei halv veke. Resultatet av denne skal vere kjent innan formannskapet har møte om saka 30. august. Ulstein kommunestyre skal så seie ja eller nei til intensjonsavtale-framlegget torsdag 1. september.

Folkerøysting truleg 22. august

I Hareid skal valstyret ha møte fredag 8. juli. På dette møtet skal datoen for folkerøystinga fastsetjast. I tillegg skal det også i Hareid gjennomførast ei opinionsgransking. Ordførar Anders Riise opplyser at folkerøystinga truleg blir 22. august, når folk flest er komne heim frå ferie. Resultatet av røystinga skal kunngjerast same kveld.

Hareid kommunestyre skal så ha møte tysdag 30. august (same dag som Ulstein formannskap) der dei skal seie ja eller nei til intensjonsavtale-framlegget.

Over til Fylkesmann og Stortinget

Når kommunestyra i Ulstein og Hareid har sagt sitt, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen i Møre og Romsdal. Frå då av er det opp til Fylkesmannen og Stortinget å avgjere resten.

Viktig med informasjon til innbyggjarane

Ordførarane i Hareid og Ulstein seier til Vikebladet Vestposten at dei no er i ferd med å legge ein strategi for informasjonsarbeidet. Begge understrekar at det er viktig at innbyggjarane får god kunnskap om innhaldet i avtalen.