LOs sommarpatrulje har i over 30 somrar besøkt unge som har sommarjobb og sjekka at alt er som det skal, fått høyre korleis dei har det og fortalt kva LO kan bidra med.

Fredag førre veke var patruljen på plass i Ulstein og Hareid, og fleire unge tillitsvalde var ute å oppsøkte ungdommar på ulike bedrifter og butikkar på Hareidlandet.

Læringsprosess for fleire

Vikebladet Vestposten møtte tre frå patruljen som var på sjekkrunde på Blåhuset denne dagen. Det er fyrste året Camilla Perander busett i Ålesund og Marthe Emilie Hansen frå Hareid er med i LOs sommarpatrulje. Begge har tatt fri frå jobbane sine nokre dagar for å gjere denne viktige jobben.

– Det er ein viktig jobb å informere unge om kva dei har krav på i jobbsamanheng, ikkje minst å vise at LO finst og fortelje kva LO kan hjelpe til med. Dessutan kan det at sommarpatruljen oppsøkjer desse ungdomane vere ein god måte for dei å ta kontakt og stille spørsmål rundt dette med arbeid og jobb, seier Perander.

Hansen, som elles jobbar som fylkessekretær i AUF Møre og Romsdal, er med for å lære meir om unge sine rettar i arbeidslivet sjølv. LOs sommarpatrulje set fokus på rettane til arbeidarar, spesielt unge arbeidande, og når det gjeld dette er det fleire som har noko å lære.

– Det er ikkje berre dei unge som lærer noko nytt når vi kjem på besøk. Fleire sjefar og vaksne tilsette har også mykje å lære kva gjeld rettar i arbeidslivet, seier Kent Logan Jelle som er ansvarleg for LOs sommarpatrulje i Møre og Romsdal.

Gode forhold hjå butikken Princess

I løpet av sjekkrunden på Blåhuset var patruljen blant anna på besøk hjå butikken Princess. Denne dagen var Emilie Slotterøy Almli på jobb. Ho er tilsett som sommarvikar på Princess for andre året på rad.

Etter eit kort og informativt intervju med LOs sommarpatrulje, vart det konstatert at det meste verka å vere på stell kva gjeld mellom anna arbeidskontrakt, vaktplan og pausar i jobben til Almli på Princess i Ulsteinvik.

– Det er både viktig og bra at LOs sommarpatrulje kjem rundt å sjekkar. Eg har lært mykje nytt om kva eg har krav på som arbeidstakar i dag. I tillegg har eg bestemt meg for å bli medlem i LO. Det er eg glad for, seier Almli etter intervjuet. Ho er om dagen jobbsøkjande og håper på å finne seg ein jobb i regionen til hausten. Som ny medlem i LO har ho no ein støttespelar som kan hjelpe ho i nokre av utfordringane ho kan møte på i arbeidslivet.

Framleis ein veg å gå

Etter enda besøk på Søre Sunnmøre har LOs sommarpatrulje kome fram til at 23,2% av dei 82 bedriftene dei har besøkt bryt lova. Dei har også merka seg at nokre av bedriftene dei gav merknad til for nokre år sidan, framleis ikkje har betra arbeidsforholda sine. Det er med andre ord framleis like aktuelt at LOs sommarpatrulje gjer jobben dei gjer også i dag.

– LO jobbar for å skape tryggleik i arbeidslivet og dermed også i kvardagen, slo Jelle fast avslutningsvis.

Som arbeidstakar har du blant anna krav på:

  • Skriftleg arbeidskontraktLønna opplæring i ny jobb

  • Overtidsbetaling om du jobbar over ni timar per dag og 40 timar i veka.

  • Skriftleg lønnsslippSkriftleg sluttattest

  • Minst ei pause på arbeidsdagar som varer fem og ein halv time, og minst ei pause på ein halvtime på arbeidsdagar som varer i åtte timar.

<strong>Intervju:</strong> Emilie Slotterøy Almli blir intervjua og informert om rettane hennar som sommarvikar på Princess i Ulsteinvik. Foto: ragnhild vartdal.