Hareid-ordførar Anders Riise er valt til ny styreleiar i KS Møre og Romsdal på deira konstituerande fylkesmøte i Molde onsdag 18 november.

Riise skal sjå fram til å ta fatt på dette vervet, og i ei pressemelding frå KS seier han at organisasjonen har ein viktig funksjon både som møteplass for kommunene, og ikkje minst som interessepolitisk aktør. Noko som ifølgje pressemeldinga bli viktig i den komande perioden med mange store utfordringar på mange områder.

Riise peikar mellom anna på kommunereformen og ikkje minst utfordringar i forhold til mottar av flyktningar og asysøkjarar.

Det nye styret:

  • Anders Rise, leder (ordfører i Hareid, H)

  • Maritta Ohrstrand, nestleder (Kristiansund, Sp)

  • Svein-Rune Johannessen (Ålesund, Ap)

  • Fride Sortehaug (Volda, V)

  • Geir Stenseth (Fylkeskommunen, FrP)

  • Sidsel Pauline Rykhus (Molde, Ap)

  • Randi Walderhaug Frisvoll (Haram, KrF)

I tillegg møter Jan-Egil Korseberg fast som representant for KS Bedrift