Arbeidsløysa er særleg høg blant ingeniørar. No foreslår regjeringa nye reglar som gir alle arbeidsledige moglegheita til å studere utan å miste dagpengar.

Arbeidsminister Anniken Hauglie (H) foreslår endringar som gjer at ikkje minst arbeidsledige ingeniørar kan ha ti dagar med undervisning per semester utan at ein mister dagpengane, skriv Aftenposten.

7.760 ingeniørar er registrert som arbeidsledige i kjølvatnet av nedgangen i oljeindustrien. Samtidig er det behov for ingeniørar i andre sektorar.

– Bakgrunnen er den auka arbeidsløysa blant ingeniørar. Før ville ein arbeidsledig person miste retten til dagpengar dersom ho eller han var på éi dagssamling i samband med studium. Vi ser at dette blir for strengt, og meiner dei nye reglane gir ei større moglegheit for at arbeidsledige ingeniørar kan skaffe seg relevant kompetanse, seier Hauglie til Aftenposten.

Arbeids- og sosialdepartementet understrekar at regelendringa vil gjelde for alle arbeidsledige som ønsker å kombinere dagpengar og opplæring.

Torsdag møter Anniken Hauglie og kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) foreiningane til ingeniørane og fleire utdanningsinstitusjonar for å diskutere korleis regelverket kan tilpasse studieopplegg for nettopp å hjelpe dei mange ingeniørane som no er arbeidsledige.