No som røystatala er talde opp i Ulstein kommune viser det seg at 62,8 % røysta på alternativet "Eg vil at Ulstein skal halde fram som eigen kommune.

24,6 % røysta på at Ulstein bør slå seg saman med Hareid, Herøy, Sande og Vanylven.

3,4 % røysta på alternativet "Eg veit ikkje". Og 9,2 % røysta blankt.

Låg valdeltaking

37,1 prosent av alle med røysterett i Ulstein kommune deltok i folkerøystinga.

Blant 16- og 17-åringane deltok 44,5 prosent i folkerøystinga.

Resultata vert publiserte med atterhald om at valstyret godkjenner gjennomføringa av folkerøystinga, skriv Ulstein kommune på nettsida si.

Overraska over det store spriket

Ulsteinordførar Knut Erik Engh er overraska over det store spriket mellom resultatet frå spørjegranskinga som vart offentleggjort tidlegare i kveld. Der svara 56 % at dei ønskte alternativet Runde kommune. Han er ikkje overraska over at der var ein forskjell, men at forskjellen var så stor. Han meiner å ha sensa ei dreiing i folkemeininga dei siste vekene.

Folkerøystinga i kveld, torsdag 19. mai, viser at det berre var fleirtal for Runde kommune i Sande kommune. Frå før har Vanylven hatt folkerøysting, og der var det også fleirtal for Runde kommune. Medan innbyggjarane i Hareid, Ulstein og Herøy svarer at dei vil stå aleine.

– Det blir ikkje mykje Runde kommune av det, kommenterer Engh.

– Tenkjer du no at tida er moden for å gå vidare for at Ulstein og Hareid kan slå seg i hop, eller tolkar du det som at kommunane bør halde fram aleine?

– No skal eg vere forsiktig med å seie for mykje i kveld. I morgon tidleg skal valstyret ha møte og godkjenne røystetala. Så er formannskapet kalla inn til eit møte i morgon for å diskutere resultatet og vegen vidare, svarer Engh.

– Valdeltakinga var skuffande låg. Eg er usikker på korleis me skal tolke det opp mot resultatet frå opinionsdeltaking, der det var god balanse mellom kvinner og menn og alder på dei som svara, seier ulsteinordføraren og legg til at det var ganske like valresultat i alle krinsane.

Resultat frå krinsane.