For andre gong blir det arrangert julemesse på Ishavsmuseet i Brandal.

Over tretti utstillarar er på plass denne helga. Her er godt utval på messa som strekkjer seg over tre etasjar. Dette er ei kunst- og handversmesse der dei legg vekt på det særeigne ved handarbeidet, men her er også noko godt å bite i til jul, som lefser, spekemat, fiskemat, honning og glutenfrie kaker.

Mellom isbjørnar, selar og moskus finn ein alt frå søte små babysokkar til polarbøker og mykje anna fint.

Mange tok turen innom messa laurdag, men der blir også ope i morgon, sundag.

Nede i kafeen er det mogleg å kjøpe seg middag.