Det vart allereie søndag meldt at Kripos var kontakta, og huset har vore plombert dei siste dagane i påvente av eksperthjelp. Lensmann Per Otto Myklebust i Herøy og Sande opplyser at det er usikkert kor lang tid teknikarane vil bruke i tomta, og at det kan ta lang tid før ein konklusjon ligg for dagen. - Det er godt mogleg ein må gjere tekniske analyser i labaratorium, og då kan det gå enda lengre tid, utdjuper han. Kripos har også med seg ein brannhund, i tillegg til at tekniske etterforskarar frå Sunnmøre Politidistrikt er på staden.

Avhøyr har ikkje ført fram

Vikebladet får opplyst at dei tekniske og dei taktiske etterforskingane går parallelt med kvarandre og at dei er er likt prioriterte sjølv om det no er henta inn eksperthjelp til den tekniske delen. - Før teknikarane frå Kripos sette i gong, fekk dei ein omfattande gjennomgang av dei rundt 20 taktiske avhøyra som er gjort i samband med brannen, seier lensmann Myklebust. Politiet har tidlegare uttalt at den 20 år gamle guten som berga seg ut av huset i live vart sett på som eit interessant vitne, men så langt har ikkje avhøyr av han ført fram til noko med hensyn til årsaka til brannen. Det er så langt ingenting som tyder på brannen er påsett eller at det ligg noko kriminelt bak.