Campingvogna stod plassert heilt inn til Møre Buss sitt bygg i Saunesmarka. Vogna blir av og til brukt av ein tilreisande buss-sjåfør, men var ikkje i bruk natt til laurdag. Det var naboar til Buss Møre som oppdaga logane og ringde brannvakta. Men campingvogna brann ned på ein blunk. Bussen som stod parkert like i nærleiken fekk til dels store skader i lakken, og også huset fekk ein del merke etter dei heite logane. Blant anna sprakk eit vindauge inn til kontoret, og ein del plater i vaskehallen vart skadde. Men hadde vinden vore kraftigare og hatt ei anna retning enn han hadde laurdag morgon, kunne det fort ha skjedd verre ting med bussen. Kva som er årsaka til brannen er for tidleg å slå fast. Måndag i middagstida hadde politiet enno ikkje vore på synfaring.