Arkivfoto. Foto: Anne Gry Eilertsen

Ferjemannskapet registrerte at mannen hadde ein merkeleg oppførsel, og dei melde derfor frå at politiet burde ta ein sjekk. Klokka 04.00 søndag morgon bles han raudt, og hadde ei promille på 1,2.

Mannen var åleine i bilen.

Også ein landfast mann er mistenkt for promillekøyring.

Politiet fekk tips om at ein mann på 19 år var på veg frå Hareid til Brandal i bil, truleg med promille. Politiet fann mannen, og testen synte at han køyrde med ei promille på cirka 1,4.