Dette er blant dei største samarbeidssakene nokon gong på Sunnmøre.

Med 17 medlemskommunar vert Sunnmøre regionråd det regionrådet i Norge som har flest medlemskommunar.

Samarbeidsforma er forpliktande med stifting av eit nytt interkommunalt selskap. ÅRU IKS vert overdrege til det nye selskapet. Sunnmøre regionråd skal vere eit felles organ for deltakarkommunane.

Selskapet har som målsetting å bidra til ei positiv utvikling i regionen samla og i deltakarkommunane. Selskapet skal vere ein aktiv regional pådrivar med vekt på regional samfunnsutvikling, næringsutvikling og interkommunalt samarbeid. Selskapet skal drive med regional strategiutvikling, vere ein regional utviklingsaktør og fremje saker som utviklar regionen.