Torsdag ettermiddag fekk politiet melding frå ein sjåfør som var fortvila over at han hadde køyrt gjennom eit felt på riksvegen der det flaut mykje maling. Resultatet var at bilen hans vart full av gule murmalingsprikkar. Etter kvart fekk politiet same meldinga frå fleire bilistar. Malinga flaut like ved innkøyringa til Hareidsmyrane industriområde, og både politi, brannvesen og Vegmeldingssentralen vart innkopla. Fredag føremiddag ligg der framleis eit gult malingsfelt i vegbanen, men no har det størkna. Kven som har søla malinga er uvisst. Men vegen vart tilgrisa rundt klokka 16.00 torsdag, på eit tidspunkt då det vanlegvis er stor trafikk på denne strekninga, og politiet vil gjerne ha tips frå folk som kan ha sett det som skjedde.