Rebekka Naustenget var den første konfirmanten som sokneprest Møgster la handa si på denne siste konfirmasjonsgudstenesta på Hareid. Foto: Ingvild Aursøy Måseide

Førre helg var det fire konfirmantgudstenester i Ulstein kyrkje. Denne helga var det dei kristne konfirmantane i Hareid kommune sin tur til å konfirmerast. Det vart halde to konfirmantgudstenester i Hareid kyrkje i går, laurdag, og ei i dag, sundag.

Det var sokneprest Michal Møgster som som i lag med katekat Stein Karstensen konfirmerte konfirmantane. Møgster la i preika si vekt på kor heldige me er som kan kalle Gud for far.

Vikebladet Vestpost var til stades på gudstenesta sundag. Då dei nykonfirmerte ungdomane kom ut av Hareid kyrkje var det opplett og fem grader i lufta. Mange knipsa ivrig med kameraen sine mot dei kappekledde. Ikkje lenge etter blitzregnet hadde gjeve seg, kom der regn og sludd, og gradestokken kraup ned mot null grader.

Vikebladet Vestposten kjem med meir i papiravisa.