Bjarne Wærdahl

Han skal arbeide på fleire områder innan tenestespekteret bedrifta tilbyr og inngå i det kreative teamet.

Bjarne Wærdahl (53) har brei erfaring frå industri, media og forlagsverksemd. I tillegg til å ha starta opp og vidareutvikla ei rad verksemder i inn og utland.

Han er journalistutdanna og har tidlegare arbeidd som informasjonssjef og marknadssjef i Ulsteinkonsernet, ved sida av 5 år i ulike stillingar i Forsvaret.

- Vi er glade for den styrkinga av staben dette representerar, noko som vil kome til nytte for eksisterande og nye kundar. Fantastiske Osberget ser fram til å arbeide saman med Bjarne, og har store forventningar til kva dette samarbeidet vil gi oss frametter, seier Åge og Magne Grimstad.

Wærdahl vil halde fram med drifta av selskapet i Portugal, medan bedriftsmarknaden av aktiviteten går inn som ein del av Fantastiske Osberget sine tilbod.

Seniorrådgjevaren er på plass 1. oktober.