Moods of Norway er kjente mellom anna for å servere vaflar når dei opnar ny butikk og traktoren har blitt eit viktig symbol for klesmerket. Difor er det kanskje ikkje så rart at Moods of Norway no har laga eit vaffeljarn som steiker vaflar forma som ein traktor.

Moods of Norway lanserer det nye vaffeljarnet sitt på Moods of Norway-butikken på Flø førstkomande laurdag. Vaffeljarnet er sjølvsagt rosa. Like rosa som Rosatassen som står utanfor butikken deira på Flø.

Denne laurdagen serverer Moods-butikken gratis traktor-vafflar frå "bakskuffa" til Rosatassen.

NRK er i ferd med å lage ein dokumentar om Studio Hugo Opdal. Dei vil vere der og filme seansen.