Kaptein Frank Reiersen opplyste under høyringa at han hadde gjort det til ein vane å ta om bord olje og ferskvatn så ofte han kunne, skriv Sunnmørsposten. Kor mykje bunkers, ferskvatn, smørjeolje, ballastvatn, vaier, kjetting og anna last som var om bord i skipet då det kantra vest av Shetland 12. april i år, er av dei sakene granskingskommisjonen nå konsentrerer seg om å kartleggje. Verken reiarlaget eller dei sju frå mannskapet som overlevde forliset kan gje nøyaktige opplysningar. Under høyringa tysdag i Oslo opplyste førstemaskinist Morten Reite at skipet vanlegvis brukte mellom 35 og 40 kubikkmeter drivstoff i døgnet under ankerhandteringsoppdrag. To av dei tidlegare kapteinane på "Bourbon Dolphin" vart høyrte av kommisjonen tysdag. Både Frank Reiersen og Hugo Hansen kom med opplysningar som direkte og indirekte fortalde om eit skip som kunne vere problematisk når bunkerstankane ikkje var breiddfulle. Hugo Hansen, som eigentleg skulle føre "Bourbon Dolphin", men som bytta vakt med Oddne Remøy, kom også inn på bunkerstankane då han forklarte seg om ei hending som skjedde nokre månader før forliset. "Bourbon Dolphin" og tre andre ankerhandteringsfartøy låg og heldt fast ein rigg utanfor Mongstad. I samband med at thrustarane vart køyrde fekk skipet det Hansen kalla "ei naturleg krenging mot babord". Krenginga gjorde at eit 15 tonn tungt anker som var plassert på styrbord side av lastedekket rasa over mot babord, til det trefte slepevaieren som løp om lag langs senterlinja på dekket. Det var nok til å gje ei relativt kraftig slagside mot babord. Hansen meinte ho var mellom fem og sju grader. Andre frå mannskapet meinte krenginga var så mykje som 17 grader. Hendinga gjorde at Hansen gjekk inn til Mongstad, og tok om bord 400 kubikkmeter drivstoff, for å betre stabiliteten på båten. Sjølv om det ikkje kom fram mange nye opplysningar under høyringa tysdag, er det er tydeleg at kommisjonen no følgjer nokre hovudspor: Rutinene til reiarlaget, særleg når det gjeld risikovurdering og mannskapsbytte. Ifølgje Sunnmørsposten fekk Reiersen problem med å forklare for kommisjonen korleis mannskapsskiftet på Shetland natt til 30. mars kunne gjerast unna på halvannan time, trass i at både skipperen og dei to styrmennene mønstra på skipet for første gang.