Ålesund og Sunnmøre Turistforening (ÅST) har si eiga ungdomsgruppe. Målgruppa er både jenter og gutar som er i alderen 13 og 26 år. – Vi arrangerer mange turar i løpet av året. Vi har laga eit variert turprogram og skal besøke fleire stader på Sunnmøre, fortel leiar Martin Hauge-Nilsen. I vinterhalvåret er det lagt opp til fleire toppturar, medan i sommarhalvåret vert det vanlege fjellturar og andre spennande aktivitetar. – I sommar skal vi mellom anna arrangere padling i Eiksund-området. I tillegg vert det tur til Dollsteinhola, fortel han.

Vil ha med fleire

Det er mange som er medlem i ÅST Ungdom, men fram til no er det ikkje så mange som har vore med på turane. – Eg synest det er litt overraskande med tanke på at vi bur i eitt av Norges, kanskje verdas finaste naturområde, seier Martin. – Kvifor bør ungdom vere med? – Det er engasjerande og kjekt å oppleve noko i lag med andre ungdommar. Ein kan oppleve spenning, meistring og tilfredsstilling når ein klarer noko nytt. Samstundes vert ein betre kjend med både naturen og seg sjølv, fortel Martin. Det er ein spesiell tur som han sjølv hugsar godt. – Klatring på "Bladet" i Molladalen var veldig kjekt, seier han.

Form og utstyr

Ein treng ikkje å vere verken topptrena eller å ha spesielt utstyr for å vere med. – Mange er kanskje litt usikre på form og utstyr, men det gjeld berre å kome seg ut å prøve, oppfordrar Martin. Turane er delt inn i grader etter kor vanskelege dei er. Ein kan sjå på skalaen 1–6 stavar eller 1–6 skor, der 1 er lettast medan 6 er mest krevjande. – Det går kanskje an å vere med på nokre enklare turar før ein gir seg ut på langturar, rådar Martin. Når det gjeld utstyr, så har ÅST eit lager i Ålesund. Dei låner ut utstyret gratis til dei som er medlemer, og det er heller ikkje snakk om store summen per år. – Ein må ikkje vere medlem for å vere med på tur, men vi håper på at dei som er med, kanskje melder seg inn etterpå, fortel Martin. ÅST ungdom har si eiga heimeside og har i tillegg ei gruppe på Facebook. I løpet av 2010 skal dei arrangere 15 turar.

Martin Hauge-Nilsen (23) er med i ÅST Ungdom. Han oppfordrar ungdom til å vere med ut på tur. Martin studerer til vanleg ved Høgskulen i Ålesund, og planen er å verte byggingeniør. Martin har forresten røter i Ulsteinvik. Målfrid Kleven er mor hans og Arthur Kleven var bestefaren hans.
Martin Hauge-Nilsen