Joar Gjerde og Arthur Solevåg er salsansvarleg for spesialfartøy og Offshore i ABB. Og framdriftssystema på spesialfartøya som skal serve vindkraftparkane til sjøs, skal byggjast ved ABB i Ulsteinvik. Avdelinga i Ulsteinvik blir ansvarleg for sal og prosjektgjennomføring, og har 55 tilsette, pluss 20-25 innleigde gjennom firmaet KR Elektro. Foto: Anne Gry Eilertsen

ABB skal levere energieffektive, elektriske framdriftssystem til spesialfartøy som skal installere vindmøller til havs. Avtalen med Daewoo Shipbuilding and Marine Engineering er i første omgang på to skip, med opsjon på ytterlegare eit skip for det tyske energiselskapet RWE Innogy. – Vindkraft er ein marknad i sterk vekst. Derfor er desse kontraktane spesielt viktige for oss, kommenterer Joar Gjerde, salsansvarleg for spesialfartøy i ABB, og Arthur Solevåg, salsansvarleg for offshore. På sikt håper dei vindkraft kan kompensere svikten i dei meir tradisjonelle marknadene. At ABB heilt frå starten posisjonerer seg i ein relativt ny marknad, meiner dei er eit bevis på at teknologien som er brukt i mange år på olje- og gassrelaterte skip, også har blitt lagt merke til av andre aktørar i den globale skipsindustrien. Elektriske framdriftssystem er kompakte og har låg vekt samanlikna med tradisjonelle framdriftssystem, noko som betyr meir plass til nyttelast og lågare forbruk av drivstoff. Dermed kan reiarlaga kutte kostnadene, samstundes som dei reduserer utsleppa av drivgassar. Alle fartøya skal byggjast i Sør-Korea, og leveringa er planlagt til 2011. RWE Innogy er involvert i bygging av offshore vindkraft både utanfor kysten av Tyskland og Wales.