Politiet fekk melding om utforkøyringa rundt klokka 22.30 torsdag kveld. I bilen var to polske statsborgarar, og ingen av dei vart alvorleg skadde.

Men inne i bilen fann politiet eit stort lager av pilsboksar, til saman 2000 liter. I tillegg var der til saman 80 liter med vodka, eit mindre parti med whisky og om lag 60 kartongar med sigarettar.

– Vi har mistanke om at dette kan vere eit forsøk på smugling, kommenterer lensmann Odd Kulø i Ulstein og Hareid.

I tillegg er det også mistanke om at føraren av bilen køyrde med promille, og at bilen hadde falske skilt.

Polske statsborgararDei to i bilen er polske statsborgar og har adresse i Polen.

Om dei jobbar i regionen er ikkje avdekt.

Dei to vart sett i varetekt torsdag kveld, og skal inn til avhøyr fredag. Kva som skjer med dei vidare, er det juristen som bestemmer.

Fått tips om smugling fleire gongerKulø opplyser at dei ved lensmannskontoret fleire gonger har fått tips om at det kjem austeuropearar til distriktet for å omsette alkoholhaldige drikkevarer. Men det er første gong lensmannskontoret har kome over så store mengder alkohol i ein austeuropeisk bil.