Evangelisten Turid Omdal kjem til Søre Sunnmøre dei siste to vekene i oktober.

Det blir mellom anna møte på Hjørungavåg Bedehus, Bigset Bedehus, Filadelfia Ulsteinvik og husmøte i Dragsund. Ho skal òg besøkje vinterhagen på Hadartun på Hareid.

I ti år har sauebonden frå Hauge i Dalane reist rundt som evangelist. Ho brenn for at menneske blir sett i fridom til Kristus, heiter det i pressemeldinga.

Ho har ansvaret for eit eige bedehus i Rekefjord, der dei til vanleg samlast til møte kvar fredag.

Omdal seier sjølv ho har mykje på hjartet. Det blir godt høve til samtale, forbøn og sosialt samvær med enkel servering etter møta.

Alle er velkomne til møta.